Ei helsing frå vertskapet

Vertskap på Skogadalsbøen Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen
Vertskap på Skogadalsbøen Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen Foto: Ole Martin Moen

Vårt fyrste besøk på Skogadalsbøen var på klassetur hausten 2006. Me starta på Sognefjellshytta med flott utsikt til Smørstabbreen og Fannaråken. Ole Martin og kompisane hans drog av gårde og var dei fyrste som kom fram til Bøen, men gjengen var óg dei siste som kom nedatt neste dag.. Med trøtte auge, gnagsår og gangsperre var dei nok ikkje lika spreke. Me satt att med med ei kjensle av å ha vandra tilbake i tid. Til den gong ting kanskje var hardare, men likevel enklare.

Det skulle gå seks år før me kom attende til hytta. Påska 2012 tok foreldra til Ole Martin (Olav Kjell Moen og Marit Høgheim) over som vertskap og me vart sjølvsagt med opp for å hjelpe til. Me vaska, reidde opp senger, serverte og brann bos, men me hadde og nokre late timar i påskesola, gjekk på ski og pakka oss inn i tepper med varm kakao og spelte brettspel framfor peisen i peisestova.

Fire lærerike sesongar kom og gjekk og i løpet av tida som ansatte fekk me etterkvart ei god forståing for kva som skulle til for å halde Skogadalsbøen gåande. Da Olav Kjell og Marit tok permisjon sumaren 2016 fekk me prøvd oss som vertskap for fyrste gongen. Det tok ikkje lang tid før me forstod at det å drive ei DNT turisthytte ikkje berre er ein jobb, men ein livsstil. Den fyrste sumaren på eiga hand var både slitsom, strevsom, travel og ellers på alle måtar altoppslukande, men det var alltid fantastisk givande. Tenk å få stå opp med sola, dekka eit nydeleg frokostbord med heimelaga brød, kanskje med gulrot eller banan, og starta dagen i møte med forventningsfulle, turglade menneskjer på eventyr i Jotunheimen.

Marit og Olav Kjell gav oss frie tøyler til å bidra med tankar og idear om alt frå maling til måltid og me fekk heilt frå starten sette vårt eige preg på Bøen. Dei frie rammene, den varme og åpne holdningen og tilliten dei viste alle oss ansatte la grunnlaget for eit heilt spesielt miljø kor alle fekk bidra med initiativ og kreativitet og gjere hytta til litt vår. På vegne av alle oss som har jobba for dykk ynskjer me å takke for denne flotte moglegheiten. 

Over dei fem siste åra har me fått grundig innføring i alt frå brødbaking og suppekoking til tømming av utedo, aggregatdrift og vedhogst. Me har møtt på mange utfordringar, deriblant aggregatstopp over nesten to døgn med 50 gjester på huset, besøksrekordar og leiteaksjon innover Uradalen ei mørk natt. Men kvart hinder har avduka nye lærdomar og me er så glade for å få ta dei i bruk. Me gler oss til å få ta i mot kvar og ein av dykk som kjem på besøk, å få vere i naturen saman med dykk og gjere opplevinga så god og varm som mogleg. Me gler oss til å høyre forteljingar og erfaringar frå naturen og lære både folk og naturen betre å kjenne. Me gler oss til å varme opp hytta, pynte, bake og koke og ta i mot dykk med godt humør.

Bøen er jo ikkje eigentleg vår eller DNT si hytte. Bøen tilhøyrer eigentleg kvar og ein av dykk som kjem inn gjennom døra. Mange av gjestene våre har komt tilbake år etter år sidan lenge før me ein gong var påtenkt og det er deira kjærleik for hytta som gjer at ho framleis står i dag. Det er dei gode orda som kjem frå dei gode erfaringane som fører til at nye folk kvart år oppdager denne lille juvelen i Jotunheimen. Langt frå veg og styr og mas. 

Me har mykje å lære og håper dykk vil hjelpe oss på vegen med samtalar, tilbakemeldingar og helsingar. Me tek i mot all ros og kritikk med den største audmjukskap og vil jobba hardt for å bli eit betre vertskap for kvart år som går. Me er ferske og håper derfor at dykk tek vår uvitenheit som ein invitasjon til å lære, til å bli betre og gi meir. 

Med det ynskjer me å takke Den Norske Turistforeningen Oslo & Omegn for tilliten og gler oss til å få ta fått på rollen som vertskap på Skogadalsbøen Turisthytte. 


Smil, potetskrelling og ridning!
Smil, potetskrelling og ridning!

Skrevet av Ole Martin Moen 23. desember 2016