jobb i jotunheimen

Det trengst mange par flittige hender i løpet av ein sesong for å få hytta til gå rundt. Me søker derfor deg som ikkje er redd for å ta i eit tak og som ynskjer å vere ein del av eit utrulig fint fellesskap her hos oss påska og sommaren 2020. Sommarsesongen varer frå 26.juni til 20.september. Sjekk ut videoen under for eit lite innblikk i kvardagen hos oss.

Jobbe på turisthytte
Det å jobbe på ei turisthytte er både spanande og lærerikt og byr på mange utfordringar og muligheiter. Det sosiale miljøet som blir på ein slik plass er heilt unikt for denne type jobb og du vil sannsynligvis få nokre skikkelig gode vener. Skogadalsbøen held til 14km frå næraste bilveg, gjennom ulendt terreng med steinrøys og myr, og ein må sjølvsagt kome seg hit for eiga maskin. Det at hytta ligg så avsides betyr at du må vere komfortabel med tanke på å vere på éin plass med dei same folka over ein periode på 3-4 veker.

Variert kvardag
Det er mange hjul som skal gå rundt for at Skogadalsbøen skal fungere best mogleg. I løpet av ein dag vil du sannsynligvis ha både servert frokost, skrelt gulrøtter, teke oppvasken, rydda ved, teke imot gjester i resepsjonen og vaska rom. Du må vere komfortabel med varierte arbeidsoppgåver og flink til å hoppe frå det eine til det andre. 

Me søker deg som

  • er fylt 18 år
  • kan jobbe minimum 3-4 veker samanhengande
  • trivest med tette fellesskap og liker å gjere det hyggeleg for andre
  • elsker folk og er oppteken av både kundeservice og gjestfrihet
  • har erfaring frå liknande arbeid uten at det er eit krav
  • er målretta, strukturert og sjølvstendig

Du må også vere

  • ansvarsbevisst og strukturert
  • fleksibel i forhold til arbeidstid
  • positiv til utfordringar/læringsprossessar gjennom arbeid
  • ha stå på vilje og kunne ta i eit tak

Me tilbyr

  • ei unik oppleving i vakker natur 
  • personlege og faglege utfordringar
  • god opplæring og oppfølging
  • godt arbeidsmiljø med høgt tempo
  • konkurransedyktig løn
  • variert arbeidserfaring å ta med deg vidare

    Høyres det spanande ut? Ta kontakt da vel! Trykk på knappen under eller send ein mail til skogadalsboen@turistforeningen.no.